Gunnars rekordbok

Roman  •  9 – 12 år

Gunnars rekordbok

Anders Totland
Først utgitt:2024

Lån boka

Tilgjengeleg på nynorsk:

Anbefaling frå eit anna bibliotek

Korleis kan livet fortsetja når mor er død og far ikkje orkar anna enn å liggja på sofaen?

Det hjelper godt å ha ein skikkeleg god venn med ein far som stadig inviterer deg på middag. Det hjelper også å ha ein lærar som forstår ein heil del og gir deg ei bok med mange utrulege rekordar å lesa om. Det hjelper å ha ei tante som av og til ordnar med vask av klede, hus og kjøkkenutstyr. Men det er vanskeleg og vondt når ingen snakkar om det store tomrommet, om sorgen og ein heller ikkje klarer å finna ord sjølv. Boka er skikkeleg trist, men også trøstande. Ein trur på historia og blir glad i jordnære, sympatiske Gunnar.

Om boka

  • Gutar
  • Vennskap
  • Sorg
Verdas mest hemmelege rekordbok. Gunnar har ei bok. Ei bok full av rekordar. Der skriv han om Sivert, som er verdas beste kamerat, om far til Sivert, som må vera verdas blidaste mann, om pappa, som berre ligg på sofaen og er den tristaste Gunnar veit om. Og om Vilde, som har verdas finaste smil. Men han skriv ikkje om korleis eit hjarte berre kan slutta å slå, og han skriv ikkje om mamma. Han viser ikkje boka til nokon. Ingen får lesa Gunnars rekordbok. Forteljing for mellomtrinnet.

Utgåver